Reformasjonspreik
Reformasjonspreik

Søndag 29. oktober fieret Nygård menighet reformasjonen med stor gudstjeneste i kirken. Preken ble holdt av Karl Johan Hallaråker.

"Frelsa er ikkje til salgs!"

Karl Johan Hallaråker

 

Tekster Jesaja 55:1-3; Joh. 1:16-17; Rom.1:16-17

 

I Innleiing

Kan eg bruka fantasien når eg forkynner? Slik spurte ein gong ein predikant. Svaret kom tydeleg: "Ja det må du gjerne gjera - men då må du først seia - Nå fantaserer eg."

 

II Ei fantasireise til lutherland

Idag blir vi med på fantasireise til lutherland.

 

Vi dreg først til Leipzig. Det er ein flott by, det opplevde vi som var på lutherturen i haust. Leipzig er Johan Sebastian Bach sin by. Her i Tomas-kyrkja heldt denne berømte komponisten i høgbarokkens tid til i mange år, første halvdel av 1700-tallet. Leipzig er også byen der opprøret mot kommunistregimet nådde store høgder i 1989 med Berlinmuren sitt fall og regimet og kommuniststaten si oppløysing. Eg tenkjer på dei store demonstrasjonane utafor på kyrkjeplassen, og ikkje minst  bønnemøta inne i Nicolai-kyrkja. Det skjedde kvar måndag heile denne siste hausten på 1980 -tallet.

 

Fantasireisa vår går tilbake til 1500 tallet. Då heldt ein dominikanarmunk til her. Kvar dag står den ivrige munken, Johan Tetzel, på torget og ropar ut i folkemengda - "Vi du sleppa Guds tunge pine i skirselden- Vil du berga dine frå den same pina - kva med foreldra dine som døydde i fjor? Du kan hjelpa dei forbi den lagnadstunge staden - Kom og kjøp avlatsbrev - Paven har redninga. Skund deg og kom! Kjøp av meg!" Utretteleg gjentek han sitt mantra: "Straks mynten i kista kling, straks sjela or skirselden spring."

 

I mengda stå to personar. Den eine - den rike fabrikkeigaren smiler - flott - dette fiksar eg, tenkjer han. Eg er litt uroleg - den kvinna eg lokka til meg i natt, veit eg var ikkje rett gjort. Ho er ikkje mi. Men du verda. To setlar i kista, og framtida er æveleg sikra. Skulda er nulla ut - uansett korleis eg lever. Pengar har eg jo!

 

Den andre personen er ei fattig enke - ho har det så vondt. Ho blei vekt i natt - politiet banka på døra. Dei hadde teke han då han skrubbsvolten gjorde innbrot i matbutikken. Bota var høg, ho hadde ingen ting å betala med. I tillegg venta Guds straff både for guten - og ho som ikkje hadde fostra han godt nok. Eg har heller ikkje råd til å kjøpa avlatsbrev. Vi kjem ikkje til greia skirselden. Vi blir verande der for evig. Tetzels rop kling i øyro - det blir nok lite søvn neste natt også, fryktar den fattige enka.

 

Vi flytter oss til Wittenberg. Ekkoet frå Leipzig har nådd universitetet. Der sit også ein munk, Martin Luther. Tankane krinsar om det han har fått fortalt frå Leipzig. Han reiser seg frå pulten sin både uroleg og opprørt. Han måtte stikka innom to kollegaer og venner. "Philip (det var altså Melanchton) og Johannes (Bugenhagen)- kan vi gå oss ein tur. Vi må snakka saman. De hugsar dei nitti fem tesene eg hengde opp på kyrkjedøra om misbruk av avlaten. Paven flår jo folk for pengar. Det kan ikkje vera rett. Eg har grubla på dette i heile natt, eg trur nå at det er ikkje berre snakk om misbruk - heile avlatshandelen må vera ruskande gale."

 

Dei to vennene klappar Martin på skuldrene der dei går bortover Die Colegien strasse. Ja, du har sikkert rett, gode bror. Dette må endrast.

 

Brått møter dei ei fattig kone. Ho er også enke og har ikkje pengar til mat. Ho var nett kommen heim frå fengselet i Leipzig der ho vitja sonen sin. Det var så vondt. Tetzel hadde lova å hjelpa. Få tak i pengar og kjøp avlatsbrev hos meg, sa han - så skal det gå godt både for deg og guten din. - Ho får auga på dei tre universitetslærarane - Ho kjende særleg Bugenhagen og Luther - dei var jo prestar i byen også - "Kva skal eg gjera, ropa ho ut med sår røyst. Kan de hjelpa meg med nokre slantar til avlatsbrev for guten min. Eg har berre han!"

 

Ikkje kjøp avlatsbrev, svarar Luther spontant, så ropar han ut med rungande røyst : Frelsa er ikkje til salgs! Guds nåde er gratis! Avlatshandelen er ikkje Guds ordning - det er berre menneskeleg påfunn for å skaffa paven pengar til seg og Peterskyrkja. Høyr ikkje på dei!

 

  • Er det mulig? Jo, gjentok Luther med si kraftige røyst. "For Gud er vi alle like - enten vi er kongar, fyrstar, biskopar eller vanlege arbeidsfolk - Vi blir alle frelste av den same nåden. Jesus døydde nemleg like mykje for alle! Frelsa et gratis!"

     

    III Vaknar opp til alvor

    Med den setninga ljomande i vårt indre, vaknar vi opp. Fantasireisa vår på femten hundre tallet kan stoppa der i denne omgong. Vi er i Nygård kyrkje 2017 og feirar reformasjonen - fem hundre år etter tesene i Wittenberg. Vi møter oss sjølve i Guds spegel.

     

    Eg veit at Gud er nådig, han vil ingen syndars dom og død. Men gjeld det verkeleg meg? Spørsmålet er ikkje ukjent for personar med vart samvit.  Har eg angra nok, har eg bede nok om tilgjeving? To stemmer talar i eins indre når ein ærleg spør slik.

     

    - Nei, du har visseleg ikkje angra nok. Du lova jo å bli betre, men synest du at du har blitt det? Slik talar Guds motstandar, djevelen og vår sjelefiende. Han blottlegg dei usle motiva, dei sårande orda, dei svikande gjerningane. Den gnugande nytinga av synda. Du misbrukar Guds nåde, er djevelen sin fromme dom! Kutt ut all kristendom.

     

    Den andre røysta er varmare, og enno meir tydeleg. Har du sett biletet i kyrkja i Wittenberg? spør han. Martin Luther står på preikestolen. Ei hand ligg på Bibelen, den andre handa er løfta og peikar på Jesus på Krossen. Det er eg Den heilage Ande som talar slik, seier røysta. Les i Bibelen din, der talar eg til deg - Du får bytta plass med Jesus. Han tok all di skuld og straff på seg. Så les Anden frå Jesaja 53. "Han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg. men skulda vi alle hadde, let HEREN ramma han." Jes. 53,5-6.  Så løfter Anden blikket på ny og seier varmt inn i hjarta mitt: "Du får hans frelse - heilt gratis! Frelsa er ikkje til salgs. Nåden er fri! " Alt er for Jesu skuld!

     

    Så minner Anden meg om ei strofe frå ein song eg lærde som ung - "Gud vil ingen synders dom og død, han vil hjelp og redning skikke når du er i sjelenød..."

     

    Vi dreg ein liten fantasitur tilbake til Wittenberg. Dei tre menna står i fortruleg samtale. Plutseleg høyrer dei lyden av hestesko. Eit flott par - herren med ein breiremma hatt og ho med silkekåpe og hatt så stor som ein paraply sit i den staselege vogna. Dei tre må hoppa til sides  - hestane kjem rett i mot. Så ropar mannen i vogna - Å, om eg kunne kjørt dykk ned. Har de ikkje råd til å betala avlat, så øydelegg ikkje for meg. Avlat er grei måte å ordna opp på. Gjer noko nyttig, så de tener pengar og kan kjøpa avlat - slik som meg.

     

    Luther blir berre meir overtydd: Du kan ikkje kjøpa deg fri. Å gjera bot er ikkje å bruka pengar på avlatsbrev. Frelsa er gratis! Gud vil at heile livet ditt skal vera i bot og omvending. Det kan du ikkje kjøpa deg frå denne Guds veg med livet ditt.

     

    Vi er tilbake i Nygård og vår tid. Det er mange som ikkje likar frelsa av nåde - gratis. Eg lever jo så godt eg kan, eg er i alle fall like bra som naboen - like bra som dei som kallar seg kristne.

     

    Dei to røystene kjem tilbake - Djevelen gir deg rett. Gud er jo nådig - det er ikkje så viktig korleis du lever - vi sviktar alle Guds bod - ingen er fullkommen, ta det berre med ro - nåden er fri for alle.

     

    Anden si røyst kjem gjennom Bibelen. Her talar Gud slik- "Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd." Så legg apostelen til "Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss". 1Joh. 1,9-10.

     

    III Bibelsk lære

    Då forlet vi fantasi verda for godt - sjølv om fantasipreika langt frå er fantasi. Vi har alt vore innom fleire realitetar. Men nå spør vi - kva er poenga i reformasjonen si understreking av frelsa og nåden? Kva er samanhengen?

     

    Reformasjonen er spissformulert i dei fire - fem åleine (eller sola/solus som det lyder på latin). Sola Scriptura - Bibelen åleine, solus Christus - Kristus åleine, sola gratia - nåden åleine, sola fide - trua åleine. (Det femte åleine er gjerne formulert som det allmenne prestedømmet - då kyrkja nå blir presentert som det døpte og truande folket - og ikkje lenger to-delt med det katolske presteskapet og lekfolket under dei.)

     

    Desse reformatoriske åleine heng altså på det djupaste saman med dagens tema - frelsa er ikkje til salgs. Ingen kan prestera noko som kan ordna vår sak med Gud - Gud må ordna opp sjølv og gje oss si frelse - det beror ikkje på vår forteneste. Gud åleine!

     

    Frelsa er ikkje til salgs. Temaet har visseleg aktualitet til mykje av komersialiseringa i dagens multireligiøse verd - både i vårt land og ute i verda. Mange vil berika seg  sjølve og innbiller folk at dersom dei yter til dei, vil dei oppnå rik velsigning frå Gud. Jo større pengegåva er, di meir vil fordelar og rikdom bli gjevaren til del. Andre møter sarte sjeler med maktmisbruk med å innbilla at å høyra på dei og lyda dei, blir livet godt. Vi treng byggja opp forsvarsmurar og immunitet mot slik vranglære om det kjem i aldri så from drakt.

     

    Men all vranglære kan ikkje ta plassen for Det reformatoriske hovudspørsmålet: Korleis kan eg funna ein nådig Gud?

     

    Martin Luther visste at livet har eit evighetsalvor - enten vi vil eller ikkje - alle må vi møta Gud! Kva då? Vil eg møta Den heilage med meg sjølv eller vil eg møta Han i Kristus? Det er utgongsspørsmålet framleis. Den heilage Gud er og blir den same uavhengig av våre førstillingar.

     

    Luther visste det Bibelen fortel - "For mine brot kjenner eg, mi synd står alltid for meg. Mot deg åleine har eg synda, det som er vondt i dine augo har eg gjort." Så legg David til i Salme 51: " Ja, med skuld vart eg fødd, med synd vart eg til i mors liv." ( v 5..7) I  meg sjølv er eg fortapt og skuldig til døden. Luther visste at frelsa kunne ikkje kjøpast. Hans eigne prestasjonar og fromme gjerningar kunne aldri tilfredstilla Guds krav. Det kunne berre Jesus!

     

    Luther streva med Rom. 1:17. Guds rettferd openberra for Luther at han kunne ikkje løyna bort si synd - skjula den for Gud. Alt var nake og bart for Den levande Gud. Men Gud vere takk - Anden viste han meir frå Ordet. Guds rettferd var openberra i evangeliet. Evangeliet er Ordet om Jesus. Det blei redninga for munken med det knugande samvitet. I dette evangeliet sitt lys fekk han også ta til seg det apostelen skriv seinare i Romarbrevet - Gud "rettferdiggjer den ugudelege". (4:5)

     

    Det same evangeliet er redninga for oss også. Jesus innbyr alle syndere og fromme. Inga forteneste, frelsa er gratis. Sjølv har eg hatt god hjelp av å nynna inni meg på eit songvers like frå ungdommen av heime på Bremnes:

     

    "Kor stort min Gud, at eg ditt barn får vera, og leva i di frie nådepakt! Eg skal inkje gjera, men bare kvila i det du har sagt, Det alt er ferdig, eg skal inkje gjera, men bare kvila i det du har sagt." NS 323.

     

    Martin Luther oppdaga enno meir i Bibelen:

     

  • Frelsa må bringast til den enkelte. På reformasjonstida var det dei som tenkte som så. Frelsa blei ordna av Jesus. Alle er tilgitt. Dei må berre informerast om det. Reformasjonsfedrane såg at det stod noko anna i Bibelen. "Ingen kan koma til meg utan at Faderen dreg han", sa Jesus. Joh. 6:44. Mennesket må fødast på ny når frelsa blir brakt til ein. Om dei som tek imot Jesus, seier han "Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud." Joh. 1:13.

     

  • Det er dette som katekisma talar  om frelsestileigninga og forkl til tredje art. "Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru på Jesus Kristus, min herre eller komma til han, men Den heilage Ande har kalla meg ved evangeliet...." Det hjelpte ikkje om Jesus døydde og sto opp, om ikkje Gud kom til meg med denne frelsa. Dette er også grunnlaget for at vi ber borna til Jesus i dåpen. Like frå vi er fødde inn i denne verda treng vi bli fødde på ny, og få del i det nye livet. Vi kan ikkje kjøpa frelse korkje når vi er små eller større.

     

    Denne nye frelsslæra snudde opp ned på mykje i kyrkja. Tenk på den katolske gudstenesta der presten er offerpresten som bringer nattverdens messeoffer - golgataofferet - fram til Gud som vårt offer - for å tilfredstilla Gud på nytt og på nytt. Luther skapte den omvende messe - Det som skjer i gudstenesta er ikkje først og fremst det vi bringer til Gud - men det som Gud kjem til oss med i evangelieforkynninga og sakramenta. Gudstenesta er Guds kanalar til oss, Vi kan nemleg ikkje kjøpa, berre få - bli tildelt - Guds frelse.

     

    Men kva så med våre gode gjerningar. Gud vil vel at vi skal gjera godt? Jo, seier Luther - Gud har ikkje bruk for våre gode gjerningar. Frelsa er gratis, men vår neste og medmenneske har bruk for alt godt. Vi er kalla av Gud til å elska nesten vår som oss sjølve - slik leva for kvarandre, vera ein neste for dei som treng oss aller mest. Livet skal ikkje levast i klosteret, men ute blant folk i familie, menighet og samfunnsliv. Luthetsitatet her seier det meste- "Like from som ein munk med sin kåpe, er min Lena med skurekost og såpe."

     

    Luther skildrar den kristne identiteten slik i to sitat:

  • Eit kristenmenneske lever ikkje i seg sjølv, men i Kristus og sin neste, elles er han ikkje ein kristen. I Kristus ved trua, og i nesten ved kjærleiken."
  • Ei anna kjend formulering er denne: "Ein kristen er ein fri herre i alle ting, og ingen underordna. Ein kristen er ein tenar i alle ting, og alle underordna."

     

    IV Reformasjonen si oppsummering

     

    Vel, vår reformatoriske arv er rik, og vi gjer vel i å ta vare på denne skatten både til vårt eige liv, vår familie og generasjonar som kjem.

     

    Frelsa er ikkje til salgs. Nåden er gratis. Ingen kan kjøpa seg redning hos Gud. Vi får det av nåde. I dette evangeliet ligg også Guds kraft til eit nytt liv. Jesus kallar oss til å snu syndelivet ryggen, og viser oss den nye vegen etter Guds bod, slik Luther formulerte det i si første tese 31.okt 1517:

     

    "Då vår Herre Jesus Kristus sa :Vend om, ville han at den truande sitt heile liv skulle vera i omvending."

     

    Nåde åleine og frelsa er gratis - er ikkje lettvint matematikk der alt har gått opp. Vi må passa oss for at vi ikkje sit igjen med ein falsk nåde. Det er ein nådelaus nåde!  Nåden kallar oss til omvending og nytt liv - i forsaking og tru.

     

    Luther lærer oss at dette livet kan vera eit liv i anfekting, tvil og med spørsmål og uro. Her lever vi under krossen, med den skjulte Gud så vel som den openberra. Dette er normalt.

     

    Ein setning frå kvar av dei tre tekstane i dag, kan summera opp for oss dagens bodskap:

    -"Kom og kjøp utan pengar" Jes. 55. Frelsa er gratis for alle.

    -"Guds rettferd er openberra i evangeliet". Rom.1:17. Jesus er rettferda Gud ser på.

    -Jesus kom med "nåden og sanninga." Jesus fører oss inn i syndsforlatingas rike, ikkje syndstillatelsens rike!

     

    Beste måte å markera reformasjonsjubileet og tesene i Wittenberg på, må vera å be Salme 51, dei første versa. Denne reformasjonsfeiringa skjer på bots-og bønnedag.

     

    Du kan få gjera det idag etter meg: "Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik, stryk ut mine brot, i di store miskunn! Vask meg rein for skuld og rens meg for mi synd!"

     

    Den bøna høyrer Jesus - for hans nåde er gratis. Det er Guds sanning. Du er fri til å leva i "syndsforlatinga sitt rike."

     

    Æra vere Faderen, Sonen og Den heilage Ande, som var, er og vera skal ein sann Gud frå øve og til æve.

    Amen

     

 




Del denne artikkel på e-post